Askeland Gard
Askeland
5286 Haus

Linda Fosse
mobil   932 16 538

Arne Askeland
mobil   975 48 543

Askeland Gard


Historie

Askeland på Osterøy, har truleg vore eigen gard frå tidleg i yngre jernalder( 550-1050). Den høge landskylda på Askeland tyder på at garden høyrer til dei eldste av landgardane på Osterøy. Askeland er delt mellom søre (idnegarden) og nordre (utegarden).

Askeland ligg vestvendt og er ein solrik fjellgard (200m o.h.) med mykje natur og kulturminner. Fjøsbygg i stein, torvhus, utløer, bakkemurar og steingardar. Sjølv det gamle «inngjerdet» kring gamletunet på søre Askeland viser enno. Her er so rikeleg med stein at mykje av det gamle inngjerdet  har fått stå, sjølv om det er murt opp nye steingardar/grenser (etter utskiftinga i 1901) tett ved.

Garden har vore i slekta sidan 1500 talet, men er vorte delt til fleire bruk. Etter sleksgransking kjem ein tilbake til slutten av 1500 talet der ein med sikkerheit kan fygja slekta tilbake. Arne nemd 1609, med sonen Kristoffer f.1594 på søre Askeland, er dei eldste namna ein finn i

Askeland slektsrekkja. Kristoffer budde på nordre Askeland. Mykje tyder på at dette er velståande bonde-eigar-ætt. Svenskekrigen og beskattning av bøndene må ha vore kraftig på 1600-talet, for i manntalet 1701 er alle leiglendingar.

Den mektige lensmanns-slekta i Mjelde skipreid:

Anders Johs.son Rivenes - Lensmann 1676-1700 Johannes A.son Ø.Mjelde - Lensmann 1700-1731 Johannes Johs.son Askeland - Lensmann 1732-1749 Johannes Nilsson Askeland - Lensmann 1749- 1769 (soneson til Anders)
Anders Johannesson Rivenes vart gravlagt under gamle Haus kyrkje 3.apr.1701. Slekta sat med lennsmannsmakta i mest 100 år, også fleire lensmenn i Hosanger skipreide og Arna

skipreide er frå denne slekta. Anders Anderson Askeland , bror til Ø.Mjelde lensmannen, tente mykje på skogshandel langs Bolstadfjorden som dei fløytte til Bergen. Han gav ei pengegåve på 20 riksdaler til Stamnes kyrkje i 1724. Truleg dreiv brørne denne handelen i lag. Lensmann Johannes Johs.son Askeland, kjøpte i ei årrekkje opp dei bruka som forfedrane hadde hatt bygsel på. Slekta eigde m.a. gardane: Dalegarden, Fokstad, Vaksdal, ¾ av Hana og Midtre Hordvik i Åsane, Veo, Bukkstein, Kvåstad, Stanghelle og Helle m.m.
Ulltøffelen vart oppfunnen av Maria Olavsdtr. Askeland, gift her på garden i 1855. Produksjon av ullsko spreidde seg i bygda og utover. Ullskoen er framleis i produksjon på garden.
Meir om Haus tøffelen

Askeland Gard

Web-design ved ID fix design og Langva Design. Sist oppdatert den 28. oktober 2011